Kven er du og kva er din studiebakgrunn?

Eg heiter Halvor Dahle og gjeng femte året IndØk. Som del av masteren tok eg bachelor i byggdesign i Grimstad, med fag både i konstruksjon og teknisk planlegging i tillegg til prosjektleiing og BIM.

Kor har du hatt sommarjobb?

Sommarjobben min i 2019 var i Sweco Kristiansand der eg jobba mest i veg og infrastruktur, men òg litt i prosjektadministrasjon.

Korleis var intervjuprosessen?

Det skjedde hovudsakeleg i to rundar. Etter å ha sendt inn i søknad via nettsida deira vart eg ringa opp av Sweco, så hadde me eit lite uformelt jobbintervju over telefon der eg til slutt vart invitera til kontoret. Der hadde eg eit meir formelt intervju med spørsmål om meg, studiet og bacheloroppgåva. Etterpå tok me ein helserunde på kontoret og diskutera kva eg kunne gjere for å førebu meg til oppstart til sommaren.

Kva føler du førte til at akkurat du fekk sommarjobben? Tidlegare verv, tidlegare sommarjobb, erfaring, motivasjon?

Det hjalp mykje at eg var tidleg ute med å søkje og at eg hadde vore i kontakt med Sweco gjennom bacheloroppgåva, i tillegg til at eg kjente to av dei som fekk jobb der året før litt gjennom studiet. Men reint fagleg var det nok min interesse for BIM, og at eg hadde spesialisert meg på digitalisering i byggebransjen både i fag og i sjølve bacheloroppgåva som gjorde at eg skilte meg litt ut. Dette var nemleg ein av satsingsområda til Sweco i Kristiansand, og gruppeleiar var spesielt interessera i det same.

Kva gjorde du på sommarjobben?

Hovudsakleg jobba eg som rådgivande vegingeniør for Sweco på E18 Håneskrysset-prosjektet som er i produksjonsfasen. Der kunne eg ein dag sitte å prosjektere reint vegteknisk og modellere i Civil 3D og Novapoint, medan andre dagar deltok eg i prosjekteringsmøter i Big Room saman med byggherre og entreprenør. I tillegg fekk eg òg jobba litt i prosjektadministrasjon der eg hjalp til med å sende ut forespørsel eller evaluere tilbod frå entreprenørar.
Det var oppgåver med meining og eg fekk stor tillit, og under diskusjonane ville alltid innspela mine kome vidare.

Lærte du noe nytt på denne jobben?

Uansett om eg jobba med veg eller prosjektadministrasjon kunne eg alltid knytte opp til pensum frå bygg-bacheloren eller fyrste året på IndØk. Kvar gong eg fekk ein ny oppgåve var det mykje å setje seg inn i, og løysinga var ikkje alltid kjent frå før, men basert på fundamentet frå studiet visste eg ofte kor eg kunne byrje. Man lærer noko nytt kvar dag, enten om ein undersøkjer og eksperimenterer på eiga hand, eller får hjelp av ein kollega. Berre ein ikkje er redd for å stille spørsmål så løyser alt seg.